lørdag 12. juni 2010

Den svenske hevnaren.

Etter 48 timer i Sveriges nest største by, Gøteborg har eg fått litt betre forståing om korleis ting heng saman her i verden. Særleg etter ein har ete seg igjennom frityrgrytene i byen - og etterpå gått gatelangs i denne vesle rare byen.

Alle veit jo at Sverige på mange måtar er Skandinavias eget u-land. Dei har gjennom generasjonar vore kulturfattige - og då sett seg nødt til å erobre og kolonisere både Dannmark og Noreg. Sverige sin kultur er tufta på vår kultur. Det dei kan fleske til med er ABBA, billig smågodt og Liseberg. Dessuten er me rikare enn dei - og det dei litt skamfulle for.

Og den måten dei tek hevn på - er å være Europas tynnaste folkeslag. Her ser du ein Åke, Jonas, Ulf, Niklas eller den slags svenskklingande namn. Han er ein typisk svensk gut. Han har ikkje ete sidan konfirmasjonen.


Når det er så kaldt at han må kle på seg - så tek han sjølvsagt på seg jentebukser, slik at han skal få dei trange nok. Når han har fått på seg buksa - så pakkar han dei få usle ting han har - og flyttar til oslo for å jobbe på ein resturant eller bar. Det er så mange av dei, at det faen ikkje er mogleg å få kjøpt gulrotkake i Oslo lengre - her må du tinge mårrottåra. Det er sånn at du mister matlysta. Og det er kanskje like greit, for kven som helst kan jo føle seg som Michelin-mannen ved sidan av dei svenske ekle gutane.

Når dei ikkje jobber - så går dei rundt i Oslo, og er tynne. Irriterande tynne. Og blonde. Og jævla irriterande tynne. Me andre - går berre rundt og er vanlege. I bukser laga for gutar. Og vips - så har dei tatt hevn fordi dei føler seg underlegne oss andre i Skandinavia.

Ei fattig trøyst er likevel at den nye prinsen i Sverige, har lagt seg godt ut - før bryllupet. Det er vel ein skjorteknapp eller to som stønnar i smerte når han skal trekke i finstasen neste laurdag.

2 kommentarer:

  1. Jeg er så enig. Svenske gutter er vår tids største integreringsutfordring.

    SvarSlett
  2. Eg syns det er for få feite kongelege. Kong Olav var "rultin" som vi seier i Trøndelag, det same var den engelske dronningmora, men kor er dei tjukke prinsessene? Og prinsane?

    SvarSlett