lørdag 1. mai 2010

Krise i paradis

Det er med stor sorg eg i dag har motteke det tunge bodskapet om at Niklas i Paradis Hotel har mista 15 kilo musklar. Niklas kan fortelle at det har vore meir fristande å drikke øl, enn å pumpe jern. Han har gått frå 100 kilo til 85 kilo. Det posetive oppi dette er med andre ord at øl tydelegvis er ein fin slankekur. Uansett så er det ein tung dag. Eg kryssar fingrane for at han kjem i form att til han skal trekke på seg speedoen og ha fine dagar på stranda i sumar. Noko anna ville være for grusomt å tenke på. Då er det derimot mogleg å søke trøyst frå høgare makter, som andre paradisgutter gjer.

Det er likvel med desto større sorg at nok ein sesong med Paradise Hotel har gjort det norske folk dummare og meir overfladiske.



Bilete er av anonym paradisgutt etter heimkomsten frå idiotfabrikken.

4 kommentarer:

  1. Hva faen er det du prøver å si egentlig? Er du dum eller bare sinnssykt misunnelig?

    SvarSlett
  2. Berre syns så fryktelig synd på denne guten - og så syns eg det er så bra at TV2 fortel oss om det. For det er jo ingen andre nyheiter som er viktigare enn dette.

    SvarSlett
  3. Uff stakkar Niklas.... Eg syns det er strålande at du belyser dette temaet Kristian.... Eg trur ikkje den meninge mann i gata veit kva slags offer desse Paradise gutta gjer for at me andre skal få kvalitets - TV.., Medan me sitt i sofa'en å et chips, sjokolade og muligens eit lite glass pepsi max.... Mister desse gutta kilo på kilo med musklar... Og til anonym... EG e hvertfall sinnsjukt misunnelig.... Tenk å være ein av gutta(eller jentene) i paradise då... DRØMMEN :)

    SvarSlett
  4. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett