fredag 21. mai 2010

Sniff your troubles away

Dei gongane eg har gjort tapre forsøk på slutte å røyke, så har eg stilt meg heilt opptil dei som røyker, for å snylte litt på dei. Lukta den gode røykelukta, og kjenne at eg får pittelitt nikotik og pittelitt tjære ned i lungene. Så har eg då til sjuande å sist gått på ein smell. Men kvifor skal ein slutte å røyke? Det er jo verdas beste slankemetode. Har du lyst på mat - fyr opp ein sigarett i staden.

Denne geniale slankemåten har no den kyniske slankebransjen kasta seg over. No kjem det eit nytt produkt som skal hjelpe deg ned i vekt. Eit produkt som luktar sjokolade eller mat med smelta ost. Sånn at når du får lyst å trøkke trynet ditt fullt av godsaker - så kan du berre ta ein liten sniff. Og så er sjokoladesuget borte. Genialt - kjem sikkert til å tjene millionar på dette produktet av mennesker som er redde for å bli tjukke. For er det noko slankeindustrien er god på så er det å spele på folk si frykt for å ikkje vere tynne nok.

Her er jo og utviklingsmoglegheiter. Om man er på byn og ikkje greier å få seg noko, så kunne det vere eit slikt produkt som lukta sex. Og tok du ein sniff, så var lysta på tilfeldig sex borte. Tenk alle dei uønska graviditetane ein kunne unngå. Dette bør vere noko for Kristeleg Folkeparti. Bort med angrepille og denslags grusomme greier - og inn med ein antisexsniff.

La helga berre begynne


Lystne kvinner som sniffer prevansjon

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar