søndag 3. juli 2011

I storfint selskap

Feit er plukka ut til å bli ei av 16 bøker som er med i årets Rein tekst-aksjon. Rein tekst er den største landsdekkjande leselystaksjonen i Noreg, og målet er å gi ungdom mellom 16 og 19 år gode lesaropplevingar.

Det er
Foreininga !les som står bak denne aksjonen. Dei lagar ein antologi med 16 ulike bøker som er gitt ut det siste året. Denne aksjonen når ut til omlag 60.000 ungdommar over heile landet.

Blant forfattarane som er med finn ein mellom anna Carl Frode Tiller, Lars Kepler, Marie Amelie og meg. Stor stas. Heile lista kan du lese her.




1 kommentar:

  1. Gratulerer! Dette lyt jo vera eit tema som kan engasjera ungdomen - og det attpåtil på nynorsk!

    Minner meg på noko som ein amerikansk literaturvitar, trur eg, slo fast: At det er forbausende lite skjønnlitteratur om dette temaet som er ein så stor del av livet til så mange av oss!

    Personleg har eg hatt glede av å lesa eit lærd verk om anorektiske kvinnelege helgenar i mellomalderen som berre levde på nattverdsbrødet medan eg no slankar meg sjølve.

    Det er liksom lettare å nekta seg kose-karbo om kvelden når ein ser det i eit religiøst perspektiv, som ei freisting frå Djevelen, sjølv om Djevelen i moderne høve må vera Kraft Foods.

    SvarSlett