torsdag 30. juni 2011

Den gode enkle løysninga.

Den finns ikkje. For alvorleg talt, om dei tinga som er på markedet av piller, pulver, supper- papayapiller og kapsler med olje hadde virke - kvifor er det då framleis feite folk igjen i landet? Hadde det funka, så hadde alle feite folk brukt det. Og då hadde ingen vert tjukke. Me hadde vore eit land med slanke, vakre og lukkelege mennesker.

Og ingen skal seie at forskarane ikkje prøve å få oss slik. Det siste eg har lese om er Raudåteolje. Det er det nye "hot shit" i slankeverda.

Raudåte er altså då ein hoppkreps-art, som er viktig føde for fiskeyngel. Og no har dei altso tynt denne krepsessaken for olje. Putta det inn i ein kapsel, og ventar spent på om nokon har lyst å teste det.

For det har altså funka på mus. Dei musene som har gurgla olja, har fått mindre bukfett - og planen er no at det skal du og eg også få. Med å gnaske på kapslar. Det er nesten for godt til å vere sant.

Eg trur heller ein bør kutte ut smøret på brødskjeva og begynne å gå av bussen ein stopp for tidleg. For om noko er for godt til å være sant - så er det truleg ikkje sant.



1 kommentar:

  1. Skyll pilledritten og Syden-ferien ned i dass, ro ut til fiskeskjær og fisk dykk makrell med omega3! Det er sunn nordisk sumar, dét!

    Vive le maquereau !

    SvarSlett