fredag 26. mars 2010

Den verste høgtida

Etter at kristendomen kom til Noreg, har det blitt langt vanskelegare å halde sideflesket under kontroll. Det er ikkje meir enn nokre månadar sidan me langa innpå med ribbe, pinnekjøtt og uendelege mengder kaker og akevitt. Då var det Jesus sin fødsel me feira. No er det faen i meg på an igjen. I dag sett folk seg på fly, i bil og på tog heim, for feire påske og Jesus sin død og oppstandelse. Felles for desse høgtidene er at ein feirar dei med ubegrensa mengder med mat og godsaker. Det har vore påskeoppkjøring i dagevis allereie. Påskelam, påskevin, påskesnop, trafikkaos, påskequiz, strålefare og artiklar om påskevær i hytt og pine.

Påska er ekstremt lang. Heile fem meir eller mindre heilage dagar på rad. Desse fem dagane vert for mange menneske – og for meg tilbragt på hytta. Sjølv om det no har vore fint vær i vekevis, vêrmeldinga er god – så kan du ta deg i ræva på, at i det påsken rullar i gong – så opnar himmelens sluser seg. Regn i fem trausteslause dagar. Då går det jo så det må gå. Ein set inne på hytta å et. Og et. Og spelar kort. Og et. Ikkje ein ekstraordinær kalori vert forbrent – og mange ekstraordinære kaloriar finn vegen inn i gapet og ned på sideflesket. I jula så går ein iallefall mellom dei ulike husa og et. No sit ein berre inne. Fleskemessig sett er dette den verste høgtida.

Når ein legg på seg, er det greitt å ha nokon å skulde på. Eg skuldar på dei som kristna Noreg – og vil krevje min del av kollekten, til personleg trenar rett over påske.

2 kommentarer:

  1. Hahaha. Etter å ha kommentert over her måtte eg lese litt lenger nedover. Du skriver så braaa!
    Veldig mye morsomt lesing her, og du treffer gang på gang spikeren på hodet, i hvertfall etter min oppfatning ;)

    SvarSlett
  2. hahaha, "fleskemessig sett":)

    SvarSlett