fredag 4. februar 2011

Mannsfett på strippetrening

Altså. I dag var den store dagen. Den dagen der eg skulle svinge meg i strippestanga i all mi prakt. For i mi nye bok, så skal eg freiste å verte perfekt. Og for å bli perfekt, så må ein verte meir sexy. Og då har eg tenkt - at det å lære seg å svinge graisøst på ei strippestang - må vere ein bankers måte å bli sexy på. Iallefall betre enn isdans eller Rybakstil. 

Saman med Norsk Ukeblad som lagar ein reportasje der eg gjer gode slanketips til lesarane (dei er tom for andre ekspertar) tok eg med meg shorts og t-skjorte og køyrde til Ski for å besøke The Pole Room. Eg hadde like mange fordommar mot denne forma for trening, som eg har fra folk frå Sotra.

Vel framme i Ski, vart eg tatt i mot av ei dame, som eg syns var skummelt kledd. Eg tenkte umiddelbart at eg spring mot togstasjonen og reiser heimatt til heimegymapparatet mitt og blir der til evig tid. Men ho tok vel i mot, og gratulerte meg som den fyrste mannen som hadde våg seg inn i studioet hennar.

The Pole Room
Så var det berre til å kaste seg i gong. Rundt ei stong. Og i helvete. Eg berre seier det, dette er den tyngste treninga eg nokon sinner har vore med på. Etter berre fem minuttar, svei det i alle musklar, og svetten hagla. Fotografen frå Norsk Ukeblad, ba meg om å halde meg fast og smile, medan eg såg i kameraet. Eg hadde mest lyst å be ho brenne og dra seg til helsiken ut av studio. Smiling og strippetrening er etter mi erfaring - ikkje lett. Etter 45 minuttar med klatring, snurring, hopping, gliding og andre akrobatiske øvelsar, var eg så utslitt, at eg kasta inn handkledet. Men den gode instruktøren gav meg god skryt og sjølvkjensla steig nokre hakk.

Relativt grasiøst.
 Etter endt trening og med pusten tilbake, kan eg konkludere med dette:

1. Strippetrening gjer meg korkje meir sexy eller grasiøs. Det gjer meg i beste fall sjølvironisk - og det er det jo nokon som syns er sjarmerande.

2.Dette er regelrett ikkje trening for pyser. Og handler lite om stripping. Eg er "instantstøl" og gruar meg til å vakne i morgon. Då kjem eg knapt til å kunne bevege meg.

3. Eg syns at menn burde prøve denne forma for trening. Eg kjenner at både musklar og brystkasse veks, medan eg skriv. Så trass alt. Dette var ei bra oppleving. Treningsfoma er iallefall ikkje noko som burde bli forbode.



Heng fast i stanga med livet som innsats


Ferdig økt. Nesten dau.

4 kommentarer:

  1. Herregud så artig! Ja til strippetrening for menn! I alle fall for menn som har selvironi!! :) Hurra så bra!

    SvarSlett
  2. Glimrande bidrag til å gjera verda litt meir morosam og ein trøyt fredag litt meir livatt!

    SvarSlett
  3. hei hei:) så koselig å ha deg på besøk!!!!:)
    velkommen igjen!!! ta gjerne med noen venner om du vil:)
    klem kristina, den "skumle" instruktøren din:)

    SvarSlett
  4. Bra reportasje, men jeg må protestere på vegne av folk fra Sotra. Selv om overraskende mange av dem driver med denne typen trening.

    SvarSlett