fredag 23. desember 2011

Juleflesk

Altså. Det er eit lite helvete å finne ut kor mykje ein kan ete og kor mykje ein ikkje kan ete i jula, for å være sikker på å komme i dressen på nyttårsafta. Eg freistar å oppsummere dei ulike råda som vert gitt - slik at du ikkje må kjøpe nye undikar på 4.juledag fordi ræva di er blitt for stor.

For altså. Visste du at dersom du meskar deg med ein kokosmakron og tre fiken så må du i følge ho Grete. Ja altså ho Grete Roede jogge eller gå på ski i heile 23 minuttar for å forbrenne det. Så mitt råd til deg er då - et noko anna enn fiken og kokosmakron. Skal du først ete julegodis så må du sørge for å ete noko som er skikkelig godt. Og ikkje noko så nasty som ein fiken. Følg lenken for å sjå heile tabellen.

Vidare så er jo jula på mange måtar dei jævla lågkarbofolka si høgtid. Det er fett så langt auge kan sjå - og me kan berre takka vår skapar for at me har belgisk smør i butikken. Så dei er sikkert lukkelege - og det er sikkert flust med lågkarbobøker under juletreet. Men varsko her. Ny forskning syner at lågakarbokost både kan gje depresjonar, kreft samt ein del andre sjukdommar. Så det er best å halde seg unna. Eg syns ein skal høyre på juledronninga, Ingrid Espelid Hovig sitt manta: Litt av alt. 

Så er det slankelegen som seier at du må berre ete i vei. For du legg ikkje så mykje på deg. Sånn eigentleg. Gladmeldinga frå han er at du kan ete meir enn du trur for å legge på deg ein kilo juleflesk. Så det så.

Og om du i tillegg har ønska deg noko av dei produkta i denne artikkelen så får du sikkert enorm motivasjon til å trene - og då kjem du slank og smekker ut av jula. For ingenting er jo meir inspirerande enn nokre jævla perfekte zumbasko.

Men om du har tenkt å gjere som meg. Gje fullstendig faen - og ete til du får kjøttsvette - og heller trene det av deg igjen i den lange kjipe januarmånaden, så er det eit råd som er det beste. Finn den tjukkaste i familien eller på festen - og klistre deg på det menneske. Då ser du alltid tynnast ut uansett. Sjå eksempel under. Ha ei feit og god jul

torsdag 15. desember 2011

Til helvete på første klasse - med Dr.Hexeberg bak rattet

Altså. Det skal ganske mykje til for å gjere meg flau. Eg skjemmer meg som oftast ut ganske kraftig sjølv. Men no altså. No er eg flau. Over oss som bur her i dette landet - og årsaken er sjølvsagt denne jævla smørkrisa. Eg raudnar når eg ser internasjonale nyhende, der dei omtalar krisa vår.

No er det jo sikkert ulike grunnar til at me har ei smørkrise. Lite produksjon av melk og så vidare. Men ein av årsakene er og denne lågkarbogalskapen. Og er skjønner ikkje heilt denne greia. Du sit der og er feit og full av valkar, meiner sjølv du har freista alle ting for å miste vekt - sånn bortsett frå trening og mindre mat. Så kva gjer ein då - ein sit på fleskeræva si og et smør og bacon for å gå ned i vekt. I følge Sofie Hexeberg så er denne lågkarboen den einste vegen til saligheita og ein fantastisk sixpack.

Bacon og smør for å bli tynn er det er det same som at eg går på nachspiel å drikk vin for å bli edru. Og det kan eg love deg - eg vert aldri edru på nachspiel. Det er eit eller anna som er heilt sjukt vulgært med lågkarbo. Kan ikkje berre folk gå seg ein tur? Eller ete litt mindre av normal mat?

VG melder og i dag at me no styrer på ein sikker avgrunn. Det vert biffkrise fordi kyrene skal melkast lengre i staden for å slaktast. Helvete. Dette går aldri bra. Biff er jo og særdeles sentralt i lågkarbokostholdet. Dette er ei heilt vannvittig krise.

For det er jo klart at det ikkje så viktig for norske medier, lågkarboentusiastar og fortvilte julekakebakere at det er ei langt større krise når det gjeld mat i verda. For trass i at det vert produsert nok mat i verda til å mette oss alle, så går ein av sju personar sulten til sengs om kvelden. Fordi det er for lite mat. Og sjølv om ein med jamne mellomrom ser bilete av underernærte og feilernærte ungar så er det jo klårt at julekaker utan skikkeleg smør er så jævlig at ein ikkje kan tenke seg noko verre. Samstundes vert heile 70 % av landbruksarealet i verda vert brukt til kjøttproduksjon - utan at det på nokon måte gjev tilsvarande energi. Men berre for at me kan ete så mykje kjøtt me berre vil. For kva er lågkarbodiett utan bacon og biff? Eller ein dag utan kjøtt for andre?

Så her sit me. I eit land der 30 % er overvektige. Og sutrar over smørkrisa. Og ventar på biffkrisa. Og slankar oss på fett. Etter råd fra sjølvaste lågkarbodronninga. Medan born går sultne andre stadar i verda. Me burde skamme oss. Kraftig. Og om du er ein av dei som har tenkt at dette med smøret er ei krise - så kan du gjere opp for deg moralsk sett, ved å gå inn på Unicef sine sider og gje ein skjerv.  Det har du faen i meg råd til.

Liten gut som sender sine varmaste tankar til Noreg - eit land i smørkrise

mandag 28. november 2011

Bygdefolk meir positive til lavkarbo

Fleire medier melder i dag om folk flest no er dritalei av preiket om lågkarbokurar og denslags. Heile 86 % av befolkninga syns at nok er nok. I Oslo er heile 91 % lei av dette. Altså  ni av ti personar. Blant folk på bygda, så er talet berre 81 %. Så det vil sei at langt fleire bygdetullingar går framleis rundt i ketose og har ikkje fått med seg at det er veldig oktober å være på lågakarbodiett.

Dette er jo dårleg nytt for meg, som fortvilt freister å knipe ut nokre kroner av lågkarbogalskapen. For no er då eigentleg marknaden min 19% overvektige kvinner på landsbygda. Sjølv om annonsa er sett over 1300 gongar så har eg framleis ikkje fått seld smør. Vil du kjøpe smør? Sjekk annonsa på Finn

søndag 27. november 2011

Smør fra Sverige til salgs

Altså. Ein tener faen ikkje mykje pengar på å gje ut bøker om slanking på den gamle måten. Med trening, knekkebrød og vanleg sunn kost. Nei, skal ein tene penger på bøker så må ein gje ut bøker om lågakarbo, ketose og dennslags sinnsjuke påfunn. Så her sit eg no då - og tenkjer korleis skal eg få min del av kaka. Grafse til meg nokre av dei pengane som vert lagt i |lågkarbohysteriet i Noreg.

Og i går slo det meg. Der eg sto på Nordby Senteret framfor hyllemeter på hyllemeter med smør. Eg skal ta med meg smør til Noreg - og selga da for blodpris. Sidan no lågkarbogalningane har kjøpt så mykje smør at det ikkje er ein fettflekk att å oppdrive. Så no skal eg teste forretningsideen min. I dag har eg lagt ut annonse på Finn, der eg tilbyr 500 gram smør til hundre kroner.

Du kan sjå annonsen her. 

No sit eg her å ventar i spenning på at det svenske smøret skal gjere meg rik.Lågkarbo til folket!

fredag 18. november 2011

Fem om dagen eller pizza?

Du har kanskje sett dei to damene i reklamen, som viser deg korleis ein kan få til fem om dagen. Eit glass juice, eit eple og grønnsaker til middag - så er du i boks. For oss i normalt oppegåande land så er jo ikkje dette noko problem. Dei har langt større problem i mindre siviliserte land. Som USA til dømes. Der har no kongressen vedteke at pizza skal klassifiserast som ein grønsak. Ei slice med pizza, er meir eller mindre det same som ei gulrot. Sånn nesten i allefall.

Forskning syner at dersom amerikananar legg på seg i same takt som no - vil 100 % av innbyggarane i USA vere overvektige eller smellfeite i 2050.

No slepp han å ete druer - pizza gjer same nytten. Så lenge ein bur i USA vel og merke

tirsdag 8. november 2011

Fetthjelp fra Lysbakken

Altså. No har eg halde kjeft så lenge, at no må eg seie noko. Nokon må forklare folk kva som skjer. Og det ver nok meg.  Du trur kanskje at Audun Lysbakken bare arbeider for at kvinner skal verte meir likestilte og denslags gamaldagse ting, men der tek du feil. Han driv ein hemmeleg kamp for menn. For at menn som gjennom mange år har vore gjenstand for kvinner sitt kritiske blikk og hånelege auge - endeleg skal få si salige hevn. Lysbakken har vore kraftig i vinden dei siste vekene med bok, amming og seinast i dag med trillegrupper for menn. Og dette er ikkje utan grunn. Det skal eg fortelle deg alt om, men først litt bakgrunn.

At kvinner legg på seg når dei er gravide er jo ikkje akkurat ei hemmelegheit, men det som er eit langt mindre fokus på, er at og menn legg på seg gjennom ei svangerskap. (Eg veit det godt  - har delt kontor med to gravide og fekk med meg sympativekt frå begge). Ei lita undersøking blant vener og kjende, syner at i gjennomsnitt så legg menn på seg seks kilo gjennom eit svangerskap. Og det er berre fordi ein i løpet av denne tida, at mannen skal gjere så godt han kan - lage god mat og denslags.

Etter eit gjennomført svangerskap, begynner kvinna og amme. Ogmed amming så sug bornet ut kilo på kilo med fett frå kvinna - gjennom puppen. Mens mannen sit og ser på.  Gro Nylander er ikkje berre ammedronning, ho er og slankedronning.

Når borna vert eldre, så er det bevist gjennom forskning at vaksne med born -vert feitare enn vaksne utan born. Så mens kvinna då vart sugd tom for fett gjennom amminga -sit mannen der. Og får kjeft av kjerringa fordi han er for feit.  Denne sjikanen vil Lysbakken til livs, med sine siste tiltak.

1. Ammestopp
Lysbakken vil ikkje at kvinner skal amme så lenge, og dessuten skal far vere heime lengre. Dette er strålande. Då får ikkje ho så mykje fettsuging som før, og far får meir jobb - som gjer at han forbrenner fleire kalorier. Og ho må småblubbete tilbake til jobben. Puppestriden er vunne - og menn vert tynnare.

2. Papparinger
Lysbakken vil at menn skal samlast å gå tur. Dette vert sjølvsagt kamuflert som eit "menn manglar nettverk i permisjonen", men det eigentleg eit slankeprosjekt for menn. Menn skal organiserast til å gå med vogn saman. Som eit lågterskel slanketilbod. FRP sin sjarmerande og alltid like konstruktive Stortingsrepresentant Solveig Horne, sa i dag på TV2 Nyhetene, at Lysbakken sitt forslag var dustete. Eg tenker at alle som såg på nyheitene fekk bakoversveis over den tungtveiande argumentasjonen hennar og ble einig med ho med ein gong. Flaks dei er for opptekne med utukt og gladrasisme til å drive drive så mykje politikk. For dette er vitkig. Men måta skeia i ei anna hand -og verte tynnare. Ellers vert det berre gneldring i åra som kjem. Hurra for Lysbakken.

Truleg har Lysbakken sjølv kjend at det stramma litt rundt livet, når han skulle ta på seg statsrådsdressen igjen, og tenkt at -"bedre føre var enn etter snar". Det er guten sin ass. Han tek menn og slanking på alvor.

På lanseringsfesten for boka til Audn Lysbakken. Eg syner treningsøvelsar ein kan gjere med borna. Det var ingen born der, så eg nytta ein statssekretær i staden.

søndag 14. august 2011

Treningstips til valkampfolk

Altså. I dag har eg følt meg som verdas mest overlegne menneske. Frisk og rask våkna eg klokka halv ni. Eg var korkje fyllesjuk, plaga av fylleangst eller denslags svineri. Eg var regelrett SuperKristian. Så eg tok på meg joggeskoa og raska med meg eit par flygeblad  med SuperKristin på framsida og tok ein joggetur før frukost.

Der eg var sprek, rask og svett, var andre på veg heim frå gårsdagens "one night stand". Og eg min spreke jævel - smilte mitt finaste smil og delte ut løpesedlar til skamfulle menn og kvinner (med skjorta knappa feil og skjørtet bakfram). Og alle var regelrett så fyllesjuke at dei tok i mot flygebladet uten motstand. Ein perfekt start på dagen.

For det er jo viktig å hugse på den fysiske fostringa no i valkampen. Ein skal jo halde eit høgt tempo i dei neste vekene, og sikre eit best mogleg resultat for oss snille  - og på den måten syte for at Venstre ikkje får nok stemmer til å syte for at Framstegspartiet beheldt makta til dømes. Så difor  har eg laga 3 treningstips til deg. Slik at at du heldt koken. Og arbeider jamnt og trutt heilt inn til valet 12.september.

-----

200 meter flygeblad
Ta på deg egna treningsutstyr. Og ein fin bunke med flygeblad. Så finn du deg ein bakke, eller eit fortau eller ein anna egna stad med litt folk. Så spring du som faen i 200 meter. Full fart. Då får du masse merksemd. Alle snur seg og lurer på kvifor eit menneske spring så fort. Så snur du deg, og langsomt går tilbake til utgangspunktet ditt - og deler ut flygeblad på vegen tilbake. Alle tek i mot, avdi alle er nyskjerrige. Så gjentek du dette omlag 10 gonger. Og vips så har du sikkert skaffa 10 nye stemmer og forbrent masse kalorier.

Roleg tur med bollar og flygeblad
Hadde alle gått ein tur på 30 minutt kvar dag, så hadde verda blitt ein sunnare stad. Så det kan du gjere. Og være nøgd med deg sjølv. Men før du går. Bak ein porsjon med boller, ta på masse vaniljekrem og  melis. Ta dei i ei korg, ta med deg ei bunke flygeblad og legg i veg. Du deler flygeblada ut til dei du treff som er opne for nye impulsar, for andre sine tankar og dei som meiner at andre og kan ha rett. Bollane deler du ut til dei som ikkje fell inn under denne kategorien - med andre ord medlemmer i Venstre. Då får du trim og dei får vom. Ein vinn-vinn situasjon.

Klin med ein veljar som er på gjerde 
Dette er nok det treningstipset som forbenn minst kalorier, men truleg det mest koselege. Om dei veljarane som ikkje har bestemt seg endå, seier ein gjerne at dei sit på gjerde. Og desse må du finne, sjarmere dei - og kline med dei. Heftig klining forbrenn ein del kalorier - og dessutan er jo klinings stas. Og det skaffer garantert stemmer om du gjer det rett. Om du er dårleg på å kline kan dette virke mot si hensikt. Test dine eigne ferdigheiter på ei partifelle før du gjennomfører denne øvinga. Og om du treng bistand til å få klint, så kan du søke bistand i Erik Solheim sine sjekketriks. 

------
Så om du no la formen forfalle, får dårlegare kondis - og får valflesket festa til kroppen, så kan du iallefall ikkje skylde på meg. No er det opp til deg. Og ein siste ting - når du gjennomfører desse øvingane, så tar du sjølvsagt på deg di finaste t-skjorte. Slik som denne. God valkamp!