onsdag 7. juli 2010

Vil du ha ein perfekt kropp - bruk surrogatmor

Ein kan jo ikkje vere lukkeleg om ein ikkje har ein perfekt kropp. For har ein ikkje ein perfekt kropp, så kan det liksom berre vere med resten. Det er kroppen din som definerer om du er ein suksess eller ikkje. Og i dag har eit godt råd til kvinner - i forhold til korleis dei skal halde på sin vakre utsjånad. Det som øydelegg kroppane til mange kvinner er å få barn. Så difor, ikkje høyr på folk som fraråder bruk av surrogatmødre eller som går hardt ut mot det.

Etter ei kvinne får eit born så kan ho gjerne sjå slik ut. Og kven vil sjå slik ut. Då er ein jo ikkje lukkeleg. For ein er ikkje perfekt.



Så difor frys ned egg og sæd, send det til India, kjør greiene inn i ein fattig stakkar, og vent i ni månedar - og vips så har du ein baby. Og framleis ein perfekt kropp. Dette er ein vinn - vinn situasjon for alle. Den fattige dama, som lar deg bruke kroppen hennar, får nokre kroner, du har framleis perfekt kropp og kan spele rolla som lukkeleg mor. Du må ikkje bry deg om, at nokon kallar deg grunn, umoralsk eller egoistisk. Du har jo heilt sikkert betre kropp ein dei som kjem med skuldingane. Hurra for enkle løysningar!

-----

Oppdatering 16.juli.
Audun Lysbakken veit du. Han er og i mot. Berre så du veit det.

tirsdag 6. juli 2010

Fatwatch

Dei siste ettermiddagene så har eg kleska legeme ned i sofaen og sett Baywatch. Og det er verkeleg nokre ting som har tålt tidas tann, mindre enn andre ting. Sjølv om dei framleis er godt trente, og truleg ikkje treng gode tips for å komme inn i bikinien. Men då for lenge sidan, så på byrjinga av nittitalet var dette ein fantastisk tv-serie. Kven kan gløyme Pamela, Nicole, Erika og Yasmine som sprang bortetter stranda i badeklede. O`lukke. Omlag slik såg dei ut.



Kan du tenkje deg korleis denne serien hadde vore dersom det hadde vore tjukke damer som sprang? Det slepp du - for det er sjølvsagt nokon som har laga ein film som gjer at du slepp å tenkje på det - du kan sjå det med dine eigne augo. Enjoy!

Tevlingar - no også for tjukke

Når ein er tjukk, er sport noko ein helst ser på tv medan ein har den eine handa langt nedi potetgullbollen og jekkar opp ein øl med den andre. Men det fins løysningar for deg som er tjukk. Og som vil delta i eit mesterskap. Du kan sjølvsagt være med i etemeisterskap. Sånn som denne mannen her. Han har då ete 54 pølser på ti minutt. I snitt har ei pølse om lag 250 kalorier. Det vil med andre ord seie at denne mannen pressa ned 13.500 kalorier på ti minutt. Eit normalt inntak av kalorier ligg vel på omlag 2000 - 2500 for ein vaksen mann per dag. Han har då ete for 5 dagar. På ti minutt. Veddar på neste gong han går på do, så luktar det ikkje akkurat blomar.


Et pølsa di far. Et!

Northug jr - på kanten av fleskestupet

Skipetter. Eller pokerpetter. Kjær Petter har mange namn. Petter Northug jr er jo som oftast å finne i sporet. Med sikkel og gørr rundt kjeften, susar han rundt den eine skiløypa etter den andre, i trikoten sin. No speler han poker. Og ein veit kva som skjer med menn som sett seg ned å speler poker. Dei bryjar å drikke brunt brennevin. Og røyke. Og det er jo forsåvidt morosame ting begge delar, men det vert fort til at ein sit der. Og sit der. Og får pokermage. Istadenfor pokerfjes. Og då kan skjære seg med skia. Og då må han finne andre ting å gjere.


"Faen i helvete, genseren er for trang"


For vips så vert han ein liten tjukk mann, som kommenterer andre sportsutvøarar. Som tildømes Jan Ivar Jacobsen. Stutt & tjukk.

søndag 4. juli 2010

Mannsfett har forska på tjukkasar i badeklede

Som ei oppkjøring til sommar,sol og badeliv, har eg på bloggen gjort ei undersøkjing på kva folk flest syns om tjukkasar i badeklede. Og no er resultata klare. I VG kan ein idag lese om badetøy for normale folk. Eller normale kvinner då. Her kan ein mellom anna lese.

Velg strandtøy som du selv synes er fint. Det handler mye om å tro på seg selv. Det viktigste er hvordan man har det inni seg. Tenk på hvor flott du blir med litt farge på kroppen. Ingenting er som ekte solbrun hud!


Hmmm. Eg veit ikkje om eg trur på det. Og artikkelen seier ingenting om normale eller tjukke menn. Kva bør dei ha på seg? Dette?



eller dette?



Uansett. 11% syns det er sexy med tjukke folk i badeklede. Dei om det. Eg trur ikkje så mykje på det. Eg trur dei berre vil vere politisk korrekt. Fett er fint liksom. Shitbradpitt.

17 % syns det er unødvendig at tjukke folk går i badeklede, medan heile 16 % av folket vert kvalme av tjukkasar i badeklede. Det er ein ekstrem stor grunn til å oppmode alle tjukkasar om å kaste kleda i sommar og fleske til på stranda.

Over 50 % syns likevel at det er heilt greit at tjukke folk går i badeklede. Og kvifor skulle det ikkje vere greit. Folk flest er då altså ikkje så grunne som enkelte skal ha det til. Fram med fettet og flesk til.

Trening for folket

Altså. No skal eg vise deg noko skikkelig ekkelt. Stortåa mi.Nokon må ha nye joggesko. For tru meg det er ikkje det einaste gnagsåret eg har.



Eg har nemmeleg vore i Bergen. Noregs vakraste by. Der har eg vore på Folkedansfestival. Og dansa. Litt iallefall.



Samt at eg har sprunge opp og ned Noregs vakraste fjell nokre gonger. Fløien har fine vegar som ein kan ta seg ut på. Og belønninga er utsikt over denne vakre byen.

Men snakk om gnagsår. I dag begynner Tour de France. Her skal dei sykle meir eller mindre rundt heile Europa. Vår gullgutt i dette sykkeløpet er Thor Hushovd. Og sjølv om han no ikkje startar så bra, så varar jo dette løpet i månadsvis. Men tekn på dei gnagsåra han får. Og det er jo ikkje vanlege stadar han får gnagsår. Mil etter mil, skal han ha ræva si på eit sykkelsete. Han kjem til å få same huden under ræva, som oss vanlege har under beina. Vonar han har pakka sinksalve og babypudder i bagen.


Sånn kan kanskje rompa til Thor Hushovd sjå ut i slutten av juli

torsdag 1. juli 2010

Dagbladet lar seg provosere av Ida Wulff

For nokre dagar sidan, kjende eg på raseriet over Ida Wulff si skamlause promotering av Restylane. Eit middel som gjer ein større lepper. Slik at ein får kjempelepper. Og sikkert vert betre til å kline. Eg har ganske store lepper i utgangspunktet.

Dagbladet har og latt seg provosere. Og ja, det er eg som er sitert på denne saken. Så godt langt nedi sjelen. At fleire syns ho er dryg og skamlaus. Ida Wulff er ein rosabloggar. Det er ein type bloggar som skriv om glade, fine og rosa ting. Men det må gå grenser og for rosabloggaarar. Eg går for å verte ein svartbloggar. Eg skal skrive om sure, stygge og svarte ting.

Håpar ho tar seg litt sommarferie, og tenkjer seg nøye om. For eg trur Ida Wulff er snill, sånn innerst inne.


Store kjøsselepper utan ekstra fyll