Og skal du rusle så kan du like godt rusle saman med andre i demonstrasjonstog. Eller eit fakkeltog då. Mot oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja. Då får du mosjonert litt, samstundes som du får støtta opp om ei viktig sak. Dei vert jo fleire fluer i smekken, som brura sa. Du kan møte opp på Jernbanetorget i Oslo på onsdag klokka seks. Les meir om mosjoneringsfakkeltoget her.
For det er jo viktig at det ikkje vert oljeboring der. Ikkje berre for å verne naturen, matfatet vårt og for at Oslofolk skal ha ein fin plass å reise på ferie til samt andre politisk korrekte greier - men kor skal Noman Mubashir og Tommy Sharif få symjetrening om dei må symje mellom oljeplattformar? Alle skjøner at det ikkje går.
Foto: Natur og Ungdom |
Åååååååh.....! Det heter ....og demonstrer!! Ikke Å demonstrer....
SvarSlettbloggeren må være heølt blåst. lær deg å skrive..
SvarSlettTakk for fin blogg. Du har fått skryt i dag:
SvarSletthttp://www.tidsskriftet.no/index.php?seks_id=2083759