![]() |
| Tynnlefse. Ikkje mat for medlemmar i FRP |
tirsdag 8. februar 2011
Tynnlefse er ikkje mat for menn i Framstegspartiet
Staten ernæringsråd la fram nye kostholdsråd førre veke. Egg var vel av dei tinga som ein framleis kan ete. Med godt samvit. Sjølvsagt ikkje for mykje. Men har ein lyst på egg, så har ein lyst på egg. Så får ein ete egg. Om ein så må gå frå kommunestyremøte. For å ete egg. For sakspapira til kommunesyremøte var berre ei tynn lefse. Og lefse skal ein være litt meir forsiktig med.
mandag 7. februar 2011
Bør vurdere lågare lønn for tjukkasar
Det er gode argument for å gje tjukke og feit lågare lønn enn andre. Snøggast råd kjem eg til å publisere ei rekkje forslag om korleis ein skal endre rettigheitane til tjukkasar i Noreg. Her på bloggen kjem eg til å legge fram forslag for å avgrensa velferdsordningar for tjukkasar. Detaljane i forslaget er ikkje klare endå, men avgrense sosiale rettigheiter som fastlege og uføretrygd.
Det kan og vere ein god ide og gje lågare løn til dei som er feite, for dei jobbar sikkert seinare enn andre.Og arbeidgjevarar tek og ein større risiko med å ansette tjukkasar. Fordi dei brukar lengre tid på å bevge seg og integrere seg blandt vanlige tynne mennesker. Og dersom dei får mindre løn, kan dei kjøpe mindre snop og potetgull. Det vil vere ei slags innsnevringsløn. Ein kan jo ikkje gå rundt å være så stor som dette.
Takk til Framstegspartiet for inspirasjon.

søndag 6. februar 2011
Detox-dining
Altså. Milde jesus. Detox-dining. Rensemiddag. Ein ny resturant i New York som lagar middag som er helsefremmande. Dette skriv dei om den nye etestaden:
Sammensetningen av råvarene skal sikre gjestene en helsefremmende effekt.
Mengden av kjøtt eller fisk er nøye tilpasset mengden av grønnsaker, mengden nøtter veid opp mot mengden frukt, smør og fløte er byttet ut med avokado og nøtter, ingen ting grilles eller friteres og det holdes regnskap over kalorimengden.
Og dette på ein sundag. På sundagar er ein fyllesjuk. Og då må ein ha smelta ost. På kjøtt. Uansett kur. Så kan ein heller byrje på ein ny frisk i morgon.

lørdag 5. februar 2011
Strippestøl
Etter gårsdagens strippetrening er eg så støl i armar og bein, at eg nesten ikkje kan løfte armane over hovudet. Men eg har til ein viss grad verdigheita i behold. Iallefall meir enn denne dama her.
fredag 4. februar 2011
Slanking i Malawi
Om ein slankar seg, så et ein gjerne fiber. Knekkebrød, korn og andre greier. Og når ein et eindel fiber så får ein eindel luft i magen. Så difor vil eg sende ut ei slankevarsel. Om du et fiber og avogtil må prompe: Ikkje reis til Malawi. Der vert no promping forbudt. Lurar på om dei har mykje fiber i kosten der? Me får venta i spaning på at NRK køyrer igong ein ny runde av - Slik lev dei der.
Mannsfett på strippetrening
Altså. I dag var den store dagen. Den dagen der eg skulle svinge meg i strippestanga i all mi prakt. For i mi nye bok, så skal eg freiste å verte perfekt. Og for å bli perfekt, så må ein verte meir sexy. Og då har eg tenkt - at det å lære seg å svinge graisøst på ei strippestang - må vere ein bankers måte å bli sexy på. Iallefall betre enn isdans eller Rybakstil.
Saman med Norsk Ukeblad som lagar ein reportasje der eg gjer gode slanketips til lesarane (dei er tom for andre ekspertar) tok eg med meg shorts og t-skjorte og køyrde til Ski for å besøke The Pole Room. Eg hadde like mange fordommar mot denne forma for trening, som eg har fra folk frå Sotra.
Vel framme i Ski, vart eg tatt i mot av ei dame, som eg syns var skummelt kledd. Eg tenkte umiddelbart at eg spring mot togstasjonen og reiser heimatt til heimegymapparatet mitt og blir der til evig tid. Men ho tok vel i mot, og gratulerte meg som den fyrste mannen som hadde våg seg inn i studioet hennar.
Så var det berre til å kaste seg i gong. Rundt ei stong. Og i helvete. Eg berre seier det, dette er den tyngste treninga eg nokon sinner har vore med på. Etter berre fem minuttar, svei det i alle musklar, og svetten hagla. Fotografen frå Norsk Ukeblad, ba meg om å halde meg fast og smile, medan eg såg i kameraet. Eg hadde mest lyst å be ho brenne og dra seg til helsiken ut av studio. Smiling og strippetrening er etter mi erfaring - ikkje lett. Etter 45 minuttar med klatring, snurring, hopping, gliding og andre akrobatiske øvelsar, var eg så utslitt, at eg kasta inn handkledet. Men den gode instruktøren gav meg god skryt og sjølvkjensla steig nokre hakk.
Etter endt trening og med pusten tilbake, kan eg konkludere med dette:
1. Strippetrening gjer meg korkje meir sexy eller grasiøs. Det gjer meg i beste fall sjølvironisk - og det er det jo nokon som syns er sjarmerande.
2.Dette er regelrett ikkje trening for pyser. Og handler lite om stripping. Eg er "instantstøl" og gruar meg til å vakne i morgon. Då kjem eg knapt til å kunne bevege meg.
3. Eg syns at menn burde prøve denne forma for trening. Eg kjenner at både musklar og brystkasse veks, medan eg skriv. Så trass alt. Dette var ei bra oppleving. Treningsfoma er iallefall ikkje noko som burde bli forbode.
Saman med Norsk Ukeblad som lagar ein reportasje der eg gjer gode slanketips til lesarane (dei er tom for andre ekspertar) tok eg med meg shorts og t-skjorte og køyrde til Ski for å besøke The Pole Room. Eg hadde like mange fordommar mot denne forma for trening, som eg har fra folk frå Sotra.
Vel framme i Ski, vart eg tatt i mot av ei dame, som eg syns var skummelt kledd. Eg tenkte umiddelbart at eg spring mot togstasjonen og reiser heimatt til heimegymapparatet mitt og blir der til evig tid. Men ho tok vel i mot, og gratulerte meg som den fyrste mannen som hadde våg seg inn i studioet hennar.
| The Pole Room |
| Relativt grasiøst. |
1. Strippetrening gjer meg korkje meir sexy eller grasiøs. Det gjer meg i beste fall sjølvironisk - og det er det jo nokon som syns er sjarmerande.
2.Dette er regelrett ikkje trening for pyser. Og handler lite om stripping. Eg er "instantstøl" og gruar meg til å vakne i morgon. Då kjem eg knapt til å kunne bevege meg.
3. Eg syns at menn burde prøve denne forma for trening. Eg kjenner at både musklar og brystkasse veks, medan eg skriv. Så trass alt. Dette var ei bra oppleving. Treningsfoma er iallefall ikkje noko som burde bli forbode.
| Heng fast i stanga med livet som innsats |
| Ferdig økt. Nesten dau. |
Forskningsfjas
Altså. EIn kan forske seg fram til det meste her i verden. No har nokon forska seg til at dersom ein går ned nokre kilo - så er det større sjangse for å dø tidleg. Eg som har tatt av 50 kilo, har vel slutten av livet sånn rett rundt hjørnet?
Om ein er eit fleskeberg - skal ein då døy av fedmerelaterte sjukdommar, eller skal man døy av slanking? Er det viktigaste å døy tynn? Kva skal tjukke gjere? Ete sjokolade eller gulrot?
Eg tar meg heller ein sigarett, og ventar på at nokon forskar seg fram til at det ikkje er skadeleg så likevel.

Abonner på:
Kommentarer (Atom)