fredag 18. november 2011

Fem om dagen eller pizza?

Du har kanskje sett dei to damene i reklamen, som viser deg korleis ein kan få til fem om dagen. Eit glass juice, eit eple og grønnsaker til middag - så er du i boks. For oss i normalt oppegåande land så er jo ikkje dette noko problem. Dei har langt større problem i mindre siviliserte land. Som USA til dømes. Der har no kongressen vedteke at pizza skal klassifiserast som ein grønsak. Ei slice med pizza, er meir eller mindre det same som ei gulrot. Sånn nesten i allefall.

Forskning syner at dersom amerikananar legg på seg i same takt som no - vil 100 % av innbyggarane i USA vere overvektige eller smellfeite i 2050.

No slepp han å ete druer - pizza gjer same nytten. Så lenge ein bur i USA vel og merke

tirsdag 8. november 2011

Fetthjelp fra Lysbakken

Altså. No har eg halde kjeft så lenge, at no må eg seie noko. Nokon må forklare folk kva som skjer. Og det ver nok meg.  Du trur kanskje at Audun Lysbakken bare arbeider for at kvinner skal verte meir likestilte og denslags gamaldagse ting, men der tek du feil. Han driv ein hemmeleg kamp for menn. For at menn som gjennom mange år har vore gjenstand for kvinner sitt kritiske blikk og hånelege auge - endeleg skal få si salige hevn. Lysbakken har vore kraftig i vinden dei siste vekene med bok, amming og seinast i dag med trillegrupper for menn. Og dette er ikkje utan grunn. Det skal eg fortelle deg alt om, men først litt bakgrunn.

At kvinner legg på seg når dei er gravide er jo ikkje akkurat ei hemmelegheit, men det som er eit langt mindre fokus på, er at og menn legg på seg gjennom ei svangerskap. (Eg veit det godt  - har delt kontor med to gravide og fekk med meg sympativekt frå begge). Ei lita undersøking blant vener og kjende, syner at i gjennomsnitt så legg menn på seg seks kilo gjennom eit svangerskap. Og det er berre fordi ein i løpet av denne tida, at mannen skal gjere så godt han kan - lage god mat og denslags.

Etter eit gjennomført svangerskap, begynner kvinna og amme. Ogmed amming så sug bornet ut kilo på kilo med fett frå kvinna - gjennom puppen. Mens mannen sit og ser på.  Gro Nylander er ikkje berre ammedronning, ho er og slankedronning.

Når borna vert eldre, så er det bevist gjennom forskning at vaksne med born -vert feitare enn vaksne utan born. Så mens kvinna då vart sugd tom for fett gjennom amminga -sit mannen der. Og får kjeft av kjerringa fordi han er for feit.  Denne sjikanen vil Lysbakken til livs, med sine siste tiltak.

1. Ammestopp
Lysbakken vil ikkje at kvinner skal amme så lenge, og dessuten skal far vere heime lengre. Dette er strålande. Då får ikkje ho så mykje fettsuging som før, og far får meir jobb - som gjer at han forbrenner fleire kalorier. Og ho må småblubbete tilbake til jobben. Puppestriden er vunne - og menn vert tynnare.

2. Papparinger
Lysbakken vil at menn skal samlast å gå tur. Dette vert sjølvsagt kamuflert som eit "menn manglar nettverk i permisjonen", men det eigentleg eit slankeprosjekt for menn. Menn skal organiserast til å gå med vogn saman. Som eit lågterskel slanketilbod. FRP sin sjarmerande og alltid like konstruktive Stortingsrepresentant Solveig Horne, sa i dag på TV2 Nyhetene, at Lysbakken sitt forslag var dustete. Eg tenker at alle som såg på nyheitene fekk bakoversveis over den tungtveiande argumentasjonen hennar og ble einig med ho med ein gong. Flaks dei er for opptekne med utukt og gladrasisme til å drive drive så mykje politikk. For dette er vitkig. Men måta skeia i ei anna hand -og verte tynnare. Ellers vert det berre gneldring i åra som kjem. Hurra for Lysbakken.

Truleg har Lysbakken sjølv kjend at det stramma litt rundt livet, når han skulle ta på seg statsrådsdressen igjen, og tenkt at -"bedre føre var enn etter snar". Det er guten sin ass. Han tek menn og slanking på alvor.

På lanseringsfesten for boka til Audn Lysbakken. Eg syner treningsøvelsar ein kan gjere med borna. Det var ingen born der, så eg nytta ein statssekretær i staden.

søndag 14. august 2011

Treningstips til valkampfolk

Altså. I dag har eg følt meg som verdas mest overlegne menneske. Frisk og rask våkna eg klokka halv ni. Eg var korkje fyllesjuk, plaga av fylleangst eller denslags svineri. Eg var regelrett SuperKristian. Så eg tok på meg joggeskoa og raska med meg eit par flygeblad  med SuperKristin på framsida og tok ein joggetur før frukost.

Der eg var sprek, rask og svett, var andre på veg heim frå gårsdagens "one night stand". Og eg min spreke jævel - smilte mitt finaste smil og delte ut løpesedlar til skamfulle menn og kvinner (med skjorta knappa feil og skjørtet bakfram). Og alle var regelrett så fyllesjuke at dei tok i mot flygebladet uten motstand. Ein perfekt start på dagen.

For det er jo viktig å hugse på den fysiske fostringa no i valkampen. Ein skal jo halde eit høgt tempo i dei neste vekene, og sikre eit best mogleg resultat for oss snille  - og på den måten syte for at Venstre ikkje får nok stemmer til å syte for at Framstegspartiet beheldt makta til dømes. Så difor  har eg laga 3 treningstips til deg. Slik at at du heldt koken. Og arbeider jamnt og trutt heilt inn til valet 12.september.

-----

200 meter flygeblad
Ta på deg egna treningsutstyr. Og ein fin bunke med flygeblad. Så finn du deg ein bakke, eller eit fortau eller ein anna egna stad med litt folk. Så spring du som faen i 200 meter. Full fart. Då får du masse merksemd. Alle snur seg og lurer på kvifor eit menneske spring så fort. Så snur du deg, og langsomt går tilbake til utgangspunktet ditt - og deler ut flygeblad på vegen tilbake. Alle tek i mot, avdi alle er nyskjerrige. Så gjentek du dette omlag 10 gonger. Og vips så har du sikkert skaffa 10 nye stemmer og forbrent masse kalorier.

Roleg tur med bollar og flygeblad
Hadde alle gått ein tur på 30 minutt kvar dag, så hadde verda blitt ein sunnare stad. Så det kan du gjere. Og være nøgd med deg sjølv. Men før du går. Bak ein porsjon med boller, ta på masse vaniljekrem og  melis. Ta dei i ei korg, ta med deg ei bunke flygeblad og legg i veg. Du deler flygeblada ut til dei du treff som er opne for nye impulsar, for andre sine tankar og dei som meiner at andre og kan ha rett. Bollane deler du ut til dei som ikkje fell inn under denne kategorien - med andre ord medlemmer i Venstre. Då får du trim og dei får vom. Ein vinn-vinn situasjon.

Klin med ein veljar som er på gjerde 
Dette er nok det treningstipset som forbenn minst kalorier, men truleg det mest koselege. Om dei veljarane som ikkje har bestemt seg endå, seier ein gjerne at dei sit på gjerde. Og desse må du finne, sjarmere dei - og kline med dei. Heftig klining forbrenn ein del kalorier - og dessutan er jo klinings stas. Og det skaffer garantert stemmer om du gjer det rett. Om du er dårleg på å kline kan dette virke mot si hensikt. Test dine eigne ferdigheiter på ei partifelle før du gjennomfører denne øvinga. Og om du treng bistand til å få klint, så kan du søke bistand i Erik Solheim sine sjekketriks. 

------
Så om du no la formen forfalle, får dårlegare kondis - og får valflesket festa til kroppen, så kan du iallefall ikkje skylde på meg. No er det opp til deg. Og ein siste ting - når du gjennomfører desse øvingane, så tar du sjølvsagt på deg di finaste t-skjorte. Slik som denne. God valkamp!


mandag 4. juli 2011

Ei helsing til Stein Eriksen

Stein Eriksen er på slankekur. Og drøymer om å bli modell for Dressmann. Du kan lese bloggen hans her. I dag når eg gjekk forbi Dressman, så sto glaset til utstillingsvinduga ope. Då tenkte eg på Stein, hoppa inn - og fekk ein svensk servitør til å ta bilete av meg. Så vonar eg at det er Stein Eriksen som vert klistra opp på Dressmannveggen om kort tid.

søndag 3. juli 2011

I storfint selskap

Feit er plukka ut til å bli ei av 16 bøker som er med i årets Rein tekst-aksjon. Rein tekst er den største landsdekkjande leselystaksjonen i Noreg, og målet er å gi ungdom mellom 16 og 19 år gode lesaropplevingar.

Det er
Foreininga !les som står bak denne aksjonen. Dei lagar ein antologi med 16 ulike bøker som er gitt ut det siste året. Denne aksjonen når ut til omlag 60.000 ungdommar over heile landet.

Blant forfattarane som er med finn ein mellom anna Carl Frode Tiller, Lars Kepler, Marie Amelie og meg. Stor stas. Heile lista kan du lese her.




lørdag 2. juli 2011

Besøk hos Handel og Kontor

For nokre veker sidan, var eg å snakka for 100 ungdommar som var samla på Handel og Kontor sin sumarleir. I medlemsbladet deira kan du lese om besøket. Dessutan hadde dei kjøpt inn Feit til alle som var på leir. Eg signerte bøker som ein helt. Og snakka med tynne, tjukke og flinke folk. Gode saker.

fredag 1. juli 2011

Jan Thomas har tatt av sju kilo

I dag på nettstaden Twitter, kunne kjendisstylist Jan Thomas fortelje at han har tatt av sju kilo. Skal sei. Spent på om ein om ikkje så lenge, vil sjå programmet, boka, dvden og cden "Slank med Jan Thomas". For makan til gode slanketips, skal ein leite lenge etter.